Vinterferien veke 8 og 9
Velkommen til Jølster Skisenter i vinterferievekene 8 og 9 2025
Opplev ekte skiglede for deg og heile familien!
Veke 8
Mandag: kl. 10.30 - 16.30 og 18.00 - 21.00
Tysdag: kl. 10.30 - 16.30 og 18.00 - 21.00
Onsdag: kl. 10.30 - 16.30 og 18.00 - 21.00
Torsdag: kl. 10.30 - 16.30 og 18.00 - 21.00
Fredag: kl. 10.30 - 16.30 og 18.00 - 21.00
Laurdag: kl 10.30 - 16.30
Søndag: kl 10.30 - 16.30
Veke 9
Mandag: Stengt
Tysdag: kl. 10.30 - 16.30 og 18.00 - 21.00
Onsdag Stengt
Torsdag kl. 10.30 - 16.30 og 18.00 - 21.00
Fredag: kl. 18.00 - 21.00
Laurdag kl 10.30 - 16.30
Søndag kl 10.30 - 16.30
Skap gode minner saman med familien i Jølster. Her kan du benytte deg av gratis nybyrjar og barneskitrekk, eller du kan ta skitrekket heilt opp til 800 moh. og boltre deg i flotte løyper med utsikt over jølstravatnet og flotte fjell. Her finn du parkområde for dei som likar å utfordre seg med luftige svev. For dei minste lagar vi løyper og små hopp og moro! Her kan du boltre deg i flotte preparete løyper og store friøyringsområder. Vi har varmestove og kafè og fyrer opp i bålpannene ute. Ta gjerne med deg sitteunderlag, pølser og kakao og nyt lunsjen ute!
For deg som føretrekk bortoverski kan vi anbefale ein tur rundt Gjestdalen på langrennski. Her er det flotte preparerte løyper langs gamle sæter og vakker natur, omkransa av flotte fjell! Med start i nederste del av anlegget, har familien eit flott utgangspunkt for vinterferien!
Aktivitetar
Skisprell med Melanie
Fredag, Laurdag og Søndag 22. og 23. februar
Melanie frå Sogn og Fjordane Skikrins kjem til Jølster Skisenter og lagar Skisprell med leik og moro for dei minste i Hauglandsheisen! Gratis for alle å delta!
Fotokonkurranse
Vi arrangerer uformell fotokonkurranse iløpet av vinterferien der du kan tagge oss på sosiale medier og vinne flotte premiar!
2 dagar med FIS-renn i Jølster
Bli med å sjå dei kommande skistjernene konkurrere i Jølster Skisenter. Renna vil føregå 22. og 23. februar frå morgonen til ca. kl. 13 i nederste del av skianlegget Bjørkelibakken. Det vil vere ope for alle og heile øvre del vil vere løypefri.
Skileik i barnebakken
Utfordre deg sjølv, og ta med ein ven eller familien i skileikløype med hopp i barnebakken.
Heiskort
Hjå oss kan du i tillegg til vanlege dags og kvelds-kort, kjøpe helgekort eller 5-dagarskort.
Kjøp heiskort på nett og spar tid og reis rett i bakken! Ved kjøp av online heiskort sparar du inntil 20%.
Overnatting
I nærområdet finnast det fleire overnattingsmogelegheiter. Besøk Airbnb VisitJølster eller gjer eit nettsøk på overnatting Vassenden.
Camping og hytter kun fem minutt frå skisenteret.
Flott hotell med høg standard og eigen spaavdeling. Beliggenheit i Førde sentrum kun 25 minutt frå skisenteret.
Koselig hotell i Førde sentrum. Beliggenheit kun 25 minutt frå skisenteret.
Gjestehus og hytter med god kapasitet til mange. Beliggenheit kun 20 minutt frå skisenteret.
Koselig hotell med beliggenheit ca. 25 minutt frå skisenteret.











Om oss
Jølster Skisenter tilbyr alpine ski løyper som passar alle. Frå den heilt ferske nybegynnar til den røynde skiløpar som krev utfordringar. Samla lengde preparerte ski løyper er ca. 5000 m.
Gjestane våre kan velge mellom 3 skiheisar. Skitrekka Kvamsheisen og Bjørkeliaheisen, samt barnetrekket Hauglandsheisen.
Som gjest i område kan du nytte deg av bomvegen som tek deg til øvrde del av anlegget og utløyser eit godt startpunkt for topp og rundturar.
I Jølster Skisenter finn du flotte frikøyringsområder, både ovanfor tregrensa og nede i skogen.
I fjella kring Jølster Skisenter finn du mange flotte fjelltoppar og snødekte fjellsider som berre ventar på skispor.
Jølster Skisenter tilbyr også preparerte turløyper over til Gjesdalsdalen, og vi har lysløype for langrenn og 10 - 30 meters hoppbakke, samt skileikanlegg og 2 svært særprega grillstover.
Ved starten av anlegget finn du parkeringsplassar, varmestove med kafe, skiutleige og sanitæranlegg.
Jølster Skisenter ligg midt i Sogn og Fjordane, ca. 3 timar norover frå Bergen langs E 39. Næraste flyplass er 35 minutt unna.
Vårt tilbod
Jølster Skisenter er regionanlegg alpint for Sunnfjord, og etter den siste utbygginga eit av dei større alpinanlegga på nordvestlandet. Vi har eit skitilbod for alle, sjå her:
5 km med preparerte alpine nedfartar og 3 skiheisar
Gratis barnetrekk for alle
Frikøyrings/laussnøområder
Skileikområde/skjerma barneområde/parkområde
10 og 30 meters hoppbakke
5 km langrennslysløype
20 km med preparerte turløyper i fjellområde mot Gjesdalsdalen
Varmestove med kiosk, kafé og sanitæranlegg
Grillstova, ein særprega grillstove oppført i eldre byggjestil, som vert fyrt opp kvar dag og der våre gjestar kan grille sin eigen mat.
Ski og brettutleige
Maskinsliping og prepping av ski (alpint og langrenn) inkludert stålkanter
Skidata elektronisk billettsystem
GRATIS parkering
Velkommen til Jølster Skisenter!