Velkommen til kveldskøyring torsdag 6. februar!

Etter eit par dagar med regn, ser vermeldingane strålande ut for dei neste dagane, og vi ynskjer velkommen til kveldskjøring frå kl 18-21.

🚡3 av 3 heisar går! Kvamsheisen er open opp til Familiebakken. Vi har gratis heis for alle i Hauglandsheisen! Alle barn opp til skulealder og alle 4. klassinger kjører gratis hjå oss i heile anlegget, men hugs å bestille kort på nett.

🎫 Billett kan kjøpast på nett www.jolsterskisenter.no eller i billettluka i varmestova nederst i skibakken.

🎿 Open skiutleige ved billettluka i varmestova nederst i skianlegget. Her kan du også bestille skiprepp!

☕️ Open kafé ved Hauglandsheisen på Støylen. Enkel servering 🧇🌭 Vi har open varmestove nederst i anlegget der du kan få kjøpe deg ein kopp kaffi og sjokolade.

🅿️ Gratis parkering og ingen bomavgift om du parkerer ved nedre parkering. Om du kjører opp i øvre del, kan du velje mellom tre ulike parkeringsplassar. Det er gratis parkering, men hugs å registrere bilen på youpark for bomavgift når du kjører opp til øvre parkering.

Vi ynskjer små og store velkomne på ski!😃🏂⛷️

Britt Kari Vasstein