Hjå oss kan du bruke Ledsagerbevis!

I Jølster Skisenter ynskjer vi at alle skal føle seg velkomne og inkludert. Vi har som mål at skisenteret skal vere for alle, og har difor ulike ordningar for deg som har ulike utfordringar.

Ledsagerbevis

Ledsagerbevis er berekna for personar med sjukdom eller nedsett funksjonsevne med behov for hjelp eller følge for å kunne bruke skianlegget. Ledsagerbeviset vil blant anna vere aktuelt for personar med bevegelseshemming, hørselshemming, synshemming, utviklingshemming og andre funksjonsnedsetjingar. Ledsagerbevis vert tildelt av kommunen og ein finn informasjon og søknadsskjema på kommunen sine heimesider. Du kan henvende deg i billiettluka for å hente ut heiskort ved å vise ledsagerbevis saman med din ledsager.

Britt Kari Vasstein