Sesongopning fredag 10. desember kl. 18.00!

Gladmelding til alle som har venta på sesongopning i Jølster Skisenter! Fredag 10. desember kl. 18.00 opnar vi Kvamsheisen og Hauglandsheisen! Det har blitt jobba både dag og natt med snøproduksjon, og vinterleg vêr har gitt påfyll av natursnø. Dette gjer at vi kan opne heit opp til avstigninga til Kvamsbakken og Barnebakken i øvre del. Familiebakken vert også open. Enno gjenstår det ein del før vi kan opne Bjørkeliheisen. Vi oppmodar om å følgje med på nettsidene og sosiale medium for oppdateringar!

Jølster Alpin har lagt inn mykje arbeid for vidare snøproduksjon i nedre del av anlegget slik at vi skal kunne opne anlegget heilt ned innan rimelig tid.

Vi har også gleda av å meddele at Hauglandsheisen vert gratis for alle også i år. Med dette håpar vi at terskelen vert låg for at alle skal få mogelegheit til å komme seg ut på ski!

Heiskort for Kvamsheisen kan kjøpast online HER, eller i billettluka som er nederst i skisenteret. Viktig å merke seg at billettluka er i varmestova FØR bommen. Har du gløymt å fylle på heiskortet ditt før du kjørte opp? Då kan du kjøpe eit keycard i kiosken og fylle på online sjølv. Hugs at dette kan ta litt tid, så det er lurt å ha ordna dette før du kjem i bakken! :)

Det er bompassering for tilkomst til øvre del av anlegget. Denne kostar kr. 50,- og du betalar med kortet ditt ved passering (eller å “tæppe” telefonen). Vi har gratis parkering i Jølster Skisenter, vi vil likevel oppmode om frivilleg bidrag på kr. 40,- for å gjere brøytetenesta endå betre.

Vi gler oss veldig til opning og ynskjer nye og gamle gjester hjarteleg velkomne!

Britt Kari Vasstein