Bli med på skiskule for berre kr. 400,-!
Årets alpinsesong er snart i gang, og Jølster IL Alpin i samarbeid med Jølster Skisenter tilbyr trening til alle nivå. Alpingruppa sine erfarne skiinstruktørar vil gjere sitt aller beste for at du skal få ei god skioppleving!
Nybyrjarkursa vil føregå i Hauglandsheisen som også i år vert gratis.
For vidarekomne vil det vere skiskule i stor bakke med fokus på meir inngåande kunnskap og trening på skiteknikk. Sjå i lenka til Jølster Alpin for påmelding og meir informasjon.