Påskestengt i Jølster Skisenter
Vi lyt diverre halde stengt i skisenteret påska 2020. Det er vi svært leie oss for, men vi stiller oss bak vurderinga som er gjort av Kommunelegen og kommuneleiinga.
Dagleg leiar og styret har gjort ei risikovurdering med fleire ulike forslag til tiltak for å kunne tilrettelegge for mogeleg dispensasjon frå Kommunelegen for å kunne opne anlegget for våre gjester i påska.
Områda vi såg på var: Parkering, Billettluke, Skiutleige, Heis, Toaletter, Kiosk/varmestove, Grillhytter, Traseer, Dugnadspersonell og Personskade.
Tiltak som markerte parkeringsplasser, kun onlinesal av heiskort, stengt skiutleige, stengt kiosk, stengt varmestove, sluseordning ved heispåstigning, begrensa sal av heiskort og vakter i bakken som forhindrer større forsamlingar vart fremja som mogelege tiltak.
Svaret vi fekk frå Kommunelegen:
“Vi gjev ikkje dispensasjon til å opne Jølster Skisenter i påska.
Grunngjeving:
I følgje forskrift om smitteverntiltak ved koronautbruddet (Covid-19-forskriften) er det forbod mot idrettsarrangement og organisert aktivitet både innandørs og utandørs der personar møtast fysisk. Forskrifta er per i dag gyldig fram til og med 13.04.20. Regjeringa har signalisert ei mest mogeleg restriktiv haldning i denne perioden, og Sunnfjord kommune vurderer tiltak i tråd med dette. Dei fleste kommunar har same praksis, og så langt vi kjenner til er det berre eitt skianlegg som per i dag har ope.
Alle typar idrettsaktivitetar må gjerast på ein slik måte at ein sikrar Helsedirektoratet sine tilrådingar om samling av personar og samling av personar i gruppe. Tilrådinga er at ein ikkje skal vere meir enn 5 personar samla i gruppe (unntak for personar i same husstand) og at ein skal halde fysisk avstand på 2 meter. Risikoen for smitte aukar med tida ein er saman og jo mindre avstanden mellom personane er. De har forslag om mange gode tiltak som restriksjonar for parkering, online billettkjøp, stenging av skiutleige, grillhytte, kiosk og varmestove, samt sluseordning i heis som vil kunne redusere faren for smitte. Kommuneoverlegen vurderer det likevel slik at det er vanskeleg å unngå forsamling av menneske (t.d. ved botn av bakken eller ved pausar i bakken).
Alle som køyrer i bakken, ha fysisk kontakt med deler av skitrekket (heisen), og det er vanskeleg å handtere dette tilstrekkeleg med tanke på reinhald. Smitte vert overført også gjennom indirekte kontakt når viruset har blitt overført til inventar, utstyr, handtak m.v. gjennom nys/host eller ved at nokon som har viruset kjem i kontakt med gjenstanden. Oppmoding om bruk av hanskar/vottar skapar berre falsk tryggleik då smitte også kan overførast via desse.
Det er vidare oppmoda om at ein skal prøve å unngå til aktivitetar der det kan vere risiko for skade (høgenergi-aktivitet) for å unngå belastning på den generelle beredskapen i helsevesenet. Sjølv om de viser til at de har få skader i løpet av ein sesong, ynskjer ikkje Sunnfjord kommune å stimulere til slik type aktivitet i den fasen vi er i no.”