Jølster Skisenter held stengt inntil vidare
Jølster Skisenter held stengt i skianlegget som følge av Koronasituasjonen. Vi vil bidra til at smitten brer seg i minst mogeleg grad og vil difor følge dei råd som vert gitt frå helsemyndigheitene.
Laurdag 28/3 tente vi lys som ei helsing til alle våre gjester, dyktige dugnadspersonell og tilsette som vi saknar i bakken i desse tider. Fakkelhjarte er også ei markering der vi sender varme hjerter til dei over 450 alpinanlegga i Noreg som har måtte stenge og dermed har ei usikker framtid i møte. Vi håpar myndigheitene no kjem med krisepakke til alpinanlegga slik Alpinanleggenes Landsforening har sendt ei anmodning om. Vi saknar alpingjestene våre og gler oss til å sjå liv i bakken igjen! På gjensyn!