Opning av Jølster Skisenter
Etter samråd med kommunelegen er det no gitt klarsignal om at vi kan opne skisenteret med restriksjonar. Vi jobbar
no med det praktiske, og vil prøve opne allereie torsdag kveld. Planen er å ha ope
torsdag, fredag kl. 18-21 og laurdag og søndag 10.30 til 16.30.
Tordag og fredag vert det ope i øvste del av anlegget, vi opnar heilt ned laurdag og søndag.
Cafeen og skiutleiga vert framleis stengt. WC er ope i alle lokaler, handvask og desinfeksjon er plassert her.
Det er viktig at alle føl dei føringane vi har laga for skisenteret samt dei generelle råda som vert gitt av
helsemyndigheine.
-Kjøp heiskort online! Vi vil ha ope i billettluka, men ber om at alle som har keykard fyller på desse heime.
-Parker i god avstand mellom bilane.
-Barn under 10 år bør vere under oppsyn av føresette.
-Hald 2 meter avstand over alt i skisenteret også i køen. Følg slusesystem og meldingar frå vaktene.
-Kun ein pers. Pr. T-krok med mindre de bur i same husstand.
-Er du forkjøla eller har andre luftvegssymptom, hald deg heime.
Det er særs viktig at vi spelar på lag og overheld dei retningslinjene som er gjeldande, vi vil kunne vise bort personar
som ikkje overheld retningslinjene.
Vi gjer merksam på at det vil kunne komme oppdatert
informasjon undervegs, så vi ber dykk følge med på heimesidene samt facebook.
Vi ynskjer nye og gamle gjester velkommen i bakken!