Ny dagleg leiar i Jølster skisenter

Vi har gleda av å presentere vår nye daglege leiar i Jølster Skisenter. Han heiter Jarle Mundal og kjem frå nabogrenda Fjærland. Jarle har erfaring frå både bygg og anleggsbrasjen, service og reiselivsnæringa. Han er friluftsmann og er ofte å sjå på høge fjell. Jarle er ein utadvendt, positiv og blid sogning som vi trur vil tilføre mykje positivt til skisenteret. Vi gler oss veldig til han tek over roret 1. september. Velkommen skal du vere Jarle!

Gasta Design