Velkommen til ny sesong og ny heimeside!

Vi ynskjer store og små velkommen til ny sesong i Jølster Skisenter! Arbeidet føregår for fullt for å forberede oss til sesongstart. Vi har samstudens gleda av å presentere ny heimeside med det vi trur vil bli ei meir oversiktleg side som er lettare for deg å administrere når du skal kjøpe heiskort online. Om du registrerer deg på heimesida eller gjennom kjøp av heiskort vil du få nyheitsbrev med oppdateringar frå oss og også få tilgang på gode tilbod.

Sesongen 2020-2021 vil truleg bli noko anleis med tanke på Covid-19. Vi er oppteken av å legge tilrette for ein trygg og best mogeleg sesong slik at alle kjenner seg ivaretatt. Vi vil sørge for at det vil bli enkelt for deg som gjest å hugse på smittevernråda.

Vi vil takke våre trufaste gjester og fotografar/hobbyfotografar; Torje Bjellaas, Tore Karlsen, Ståle Fossheim Anne Cecilie Kapstad og Øyvind Gjesdal for flotte bildebidrag!

Vi gler oss!

Britt Kari Vasstein