Ei stor Takk til even!
30. april var siste arbeidsdagen Even Hole hadde som dagleg leiar i Jølster Skisenter.
Even har vore ein kunnskapsrik, engasjert og arbeidsom fagmann i skisenteret i fem flotte år. Han har vore med på oppturar og nedturar, og har synt eit enormt pågangsmot og driv for å skape kvalitet i bakken som vi skientusiastar har nytt stor glede av! Even møter alltid med eit stort smil og seier nesten aldri nei.
Ei stor takk til deg Even, og også til Reidun, som har stilt på med utallige dugnadstimar til stort og smått! 🤗
Sjølv om de no ynskjer å gjere litt andre ting om vinteren, så satsar vi på å sjå dåke på ski i Jølster i åra som kjem! 👏👏🌹😍 Helsing Jølster Skisenter-styret.