Viktig informasjonn til deg som skal i skibakken! :)

Jølster Skisenter har heile vege teke smittevern på alvor og har iverksett mange tiltak for å unngå smitte. Vi har per i dag ingen smitte relatert til skisenteret, og slik ynskjer vi fortsatt å ha det framover.

Det er dei siste dagane registrert ei lita auke i tal smitta i Sunnfjord-regionen, samstundes som det sit mange uavklarte i karantene. Vi har difor beslutta å vere føre var, og vil midlertidig stenge kafeen som eit førebyggande smitteverntiltak. Dette gjeld frå i dag av og til og med søndag. Ny vurdering vil bli gjort rett over helga.

Vi ber deg difor ta med ein sekk med litt drikke og niste. Vi fyrer opp bålpannene slik at du kan grille pølse og varme deg litt der. Varmestova nede vil vere open og det vil sjølvsagt vere ope på toalettet. Men hugs å overholde 1 meter-regelen.

Håpar alle har forståing for situasjonen, vi er utruleg takknemmelige for alle som vil besøke oss! Vi vil gjere vårt ytterste for at de skal bli ivaretatt på ein trygg og god måte, og få ei kjekk oppleving!

Britt Kari Vasstein