Velkommen til ei helg med sol og minusgrader!
Det vert ein knistrande fin vinterdag i skisenteret denne helga. Gradestokken viser -9,9 grader og vindmålaren viser 0,9 sekundmeter. Vi har ope frå bunn i bakken og heilt opp. Alle heisar går med unntak av Uglumheisen (tautrekket). Løypene er nypreparerte og det er rikelig med lett pudder utanfor. Jølster Løypelag har kjørt skispor inn gjennom vakre Gjesdalen for dei som ynskjer å gå bortover.
Vi fyrer opp bålpannene ute og oppmodar om å ta med sitteunderlag og litt varm drikke. Cafeen er open med svært begrensa kapasitet. Også varmestova nede vil vere open der du kan ete nista di.
Vi ynskjer velkomne til store og små!