Vi ynskjer alle ei god påske og takk for sesongen i år!
Tusen takk til alle som besøkte oss gjennom ein særs kort vinter! 🎿
Sesongen 2025 går inn i historiebøkene som ein av dei kortaste og mildaste i Jølster Skisenter! Vi opna Hauglandsheisen 4. januar, Kvamsheisen 7. januar, og Bjørkeliheisen 10. januar. Vi fekk periodar med kulde og flott vintervér som vart avløyst av «atmosfæriske elver» med regn. Men, vi har gjennomført skiskule og treningar og renn for idretten. Mange har fått prøvd seg på ski for første gong, familiar har hatt gode stunder ilag, vener har treffast i alle aldrar og det har vore mykje skiglede!
Vi er stolte av gjengen som produserte snø i 40 døgn(!), sjølv om det vart berre 30 dagar ope.
Takk til alle gode skigjester, og til alle dei dyktige frivillige som har stått på seint og tidleg! Nyt påska med Kvikklunsj og appelsin! 🐣
We’ll be back! ❄️