Hjartestartar på plass i Jølster Skisenter!

Visste du at Jølster Skisenter har hjertestartar på plass i skisenteret? Hjertestartaren er plassert ved Kvamsbua rett ved påstigning til Kvamsheisen.

Hjartestartaren er eit av mange tryggleikstiltak vi har på plass i skisenteret, då vi ynskjer å vere beredt i alle nødsituasjonar. Med oss på laget har vi SFE som god sponsor for prosjektet.

Hjertestarteren vil vere tilgjengeleg i skisenteret, slik at vi alle kan føle oss litt tryggare medan vi nyt snøen og aktivitetane.

Vi tilrår alle skigjestene våre å lagre vårt nødnummer på telefonen om uhell skulle vere ute:

📞Tlf: 900 34 456

Ein stor takk til SFE for deira generøse støtte! 🙏 Vi set stor pris på deira engasjement for lokalsamfunnet og folkehelsa.

Britt Kari Vasstein