Søndag 7. mars opnar vi Hauglandsheisen og Kvamsheisen

Vi har fått minusgrader og vårt flinke bakkemannskap har greidd å trylle fram meir snø. Vi har også fått litt påfyll frå oven. Vi opnar difor Hauglandsheisen og Kvamsheisen opp til avstigninga ved Familiebakken. Både Familiebakken og Kvamsbakken vert open og der er ganske bra med snø.

Kiosken er open med begrensa kapasitet, og bålpannene vert fyrt opp. No er sola komt tilbake i bakken slik at det er litt varmare å sitte ute å grille pølser og ete nista.

Bomvegen opp til parkeringa er snøfri.

Hugså å fylle på keycardet ditt heime, så slepp du kø og sparar tid og pengar.

Vermeldinga lovar sol, så dette kan bli ein fin skidag!

Velkomne!

Britt Kari Vasstein