Påska i Jølster Skisenter

Velkommen i bakken til små og store i påska! Det vert garantert skiglede og slushføre, så pakk med deg pølser og klappstol og bli med på ski!
Vi held ope på dagtid kvar dag i påska. Vi set miniløype i barnebakken og det vert musikk og god stemning! Følg med på Facebook og heimesidene for dagleg oppdatering på føre og arrangement.

Kvamsheisen går til avstigninga ved familiebakken og barnetrekket Hauglandsheisen er open. Denne er gratis for alle. Parkering i øvre del av anlegget. Heiskort kjøper du i varmestova nederst i anlegget.

NB! Vi gjer merksam på at nasjonale føringar seier to meter avstand til dei du ikkje er i same kohort med. Vi oppmodar om bruk av munnbind.
Vi har ope i kiosken med svært begrensa kapasitet, men ute vil bålpannene bli fyrt opp og det er god plass.

Vi ynskjer nye og gamle gjester velkommen til ei trivelig påskeveke på ski!

Foto: Lisa M. Løvseth

IMG_5498.png
Britt Kari Vasstein