Det snør! ❄️

Veke 6 ser ut til å bli nok ei veke med mykje snø og dagleg påfyll med kvitt gull!
Tysdag morgon snøar det lett i anlegget og det er minusgrader ved Hauglandsheisen (midt i anlegget), og pluss ein grader i nederste del av anlegget.
Preppegutta har preparert fine løyper og det er laga hopp i nederste del av anlegget.

Det er venta meir snø vidare ut i veka. Det ser med andre ord veldig lovande ut for oss som er glade i å stå på ski.
Vi har opna 4/4 heisar og du kan difor parkere ved nederste parkering. Om du vil parkere ved øvre parkering, kan du kjøre bomvegen opp.

Vi har ope kafé og skiutleige. Hugs å fylle på skikortet ditt heime. Då slepp du kø og du sparar pengar.

Opningstider veke 6

  • Tysdag kl 18-21

  • Torsdag kl 18-21

  • Fredag kl 18-21

  • Laurdag kl 10.30 - 16.30

  • Søndag kl 10.30 - 16.30

Velkommen i bakken! ⛷🏂

Britt Kari Vasstein