Vinterferien i Jølster Skisenter
Vinterferien 2022 er endelig her og det ser ut til å bli av den gode sorten der kjekke skiaktivitetar kan stå i sentrum.
Vi har ope heile anlegget i følgjande opningstider:
Veke 8
mandag kl. 10.30 - 16.30
tysdag kl. 18 - 21
onsdag kl. 10.30 - 16.30
torsdag kl. 18 - 21
fredag kl. 18 - 21
laurdag kl 10.30 - 16.30
søndag kl 10.30 - 16.30
Veke 9
mandag kl. 10.30 - 16.30
tysdag kl. 18 - 21
onsdag kl. 10.30 - 16.30
torsdag kl 18 - 21
fredag kl 18 - 21
laurdag kl 10.30 - 16.30
søndag kl 10.30 - 16.30
Vi har hopp og skileik for dei minste, flotte preparete løyper, store friøyringsområder og mini-bigjump for ungdommen.
Vi har ope i kafeen og fyrer opp i bålpannene ute. Ta gjerne med deg sitteunderlag, pølser og kakao og nyt lunsjen ute!
For deg som føretrekk bortoverski kan vi anbefale ein tur inn i Gjestdalen på langrennski. Her er det flotte preparerte løyper langs gamle sæter og vakker natur, omkransa av flotte fjell! Med start i nederste del av anlegget, har familien eit flott utgangspunkt for vinterferien!
Kjøp heiskort på nett og spar tid og reis rett i bakken!
Hos oss kan du i tillegg til vanlege dags og kvelds-kort, kjøpe helgekort eller 5-dagarskort.
Overnatting
I nærområdet finnast det fleire overnattingsmogelegheiter. Besøk VisitJølster eller gjer eit nettsøk på overnatting i Førde. Her er det mykje å velje i!