Nysnø og kveldskjøring tysdag 4. januar!
Vi har fått påfyll av rikelig med nysnø og gler oss til kveldskjøring i kveld frå kl 18-21. Det snør framleis tett og Yr lovar oss blå grader og opplett frå kvelden av. Så dette teiknar til å bli ein kjempefin kveld for å stå på ski eller brett!
Vidare vert det jobba hardt for å dose snø og trakke i nedre del også, så følg med for oppdateringar dagane framover.
Vi har ope i øvre del av anlegget nesten til topps, Kvamsheisen og Hauglandsheisen går. Det er gratis i Hauglandsheisen!
Hugs å fylle på keycardet ditt heime, det sparar du både tid og pengar på. Om du kjøper kort i bakken, stoppar du i varmestova nederst før bommen og kjøper heiskort der.
Skiutleigen er open som vanleg, sjå prisar her!
Hugs meteren og munnbind der meteren ikkje kan haldast!
Hjarteleg velkomne til liten og stor!