Torsdag opnar vi Bjørkeliheisen!

Torsdag 6. januar opnar vi endelig Bjørkeliheisen, heisen som går frå botnen av anlegget. Dette vil seie at du kan parkere ved den nederste parkeringa og slepp å køyre bomvegen opp.

Vi har då opna nesten heile anlegget og har 4 km med preparere løyper, så det er berre å ta med vener og familie for ein festkveld på ski!

Yr lovar oss snø onsdag kveld og klarvêr torsdag, så dett trur vi vert veldig bra!

Keycardet ditt kan du fylle på her. Online kjøp er billigare og raskare. Du kan og kjøpe heiskort i billettluka.

Prisar på utleige av ski finn du her.

Vi fyrer opp bålpannene, så ta gjerne med grillpølser og kakao. Vi har ope i cafeen, og ber om forståing for begrensa kapasitet i høve coronatiltaka.
Vi planlegg no å ha vanlege opningstider framover, det vil seie kveldsope tysdag, torsdag og fredag kl 18-21, og dagtid kl 11.30 - 16.30 laurdagar og søndagar.

Velkomne til liten og stor!

Britt Kari Vasstein