Bli med ut på ski! Vi har ope tysdag 14. desember!

Litt regn og 1 plussgrad stoppar ikkje oss skiglade! Vi held vi ope i øvre del av anlegget; det vil seie Kvamsbakken, Familiebakken og Hauglandsbakken . Opningstid kl. 18.00 - 21.00.

Coronareglar vert som følgjer:

  • Kjøp helst heiskort på nett! Dette sparar du både tid og pengar på, og du unngår kø! Vi har ope i billettluka som vanleg.

  • Bruk munnbind om du ikkje greier å overhalde 1 meter til andre enn i din kohort (gjeld ikkje barn under 12 år).

  • Maks 20 personar i cafeen.

  • Hugs handdesinfeksjon/handvask før og etter mat!

  • Hald deg heime om du har luftvegssymptom og ikkje har tatt coronatest.

Heisane jgår og det er per no ingen endringar i den vanlege drifta utandørs. Vi vil overhalde maks 20 personar og 1 m avstand (kohortvis) i cafeen. For deg som er påmeldt skiskule eller trening vil alpingruppa gje konkret melding om gjeldande reglar.

Velkommen i bakken!

Framsidefoto: Ståle Fossheim

Britt Kari Vasstein