Laurdag 4. mars tek vi turen til Jølster Skisenter for Alpint og vidare til Løa på Jølstraholmen for Afterski med DJ John Erik Strøm!

På med skidressen og bli med til Jølster!

Det vert sett opp bussar frå Førde til skisenteret kl 10:30 og 12:30. Desse reserverer du plass på når du kjøper billett. Det vert også sett opp returbuss frå Jølstraholmen tilbake til Førde på kvelden kl 20:00 og 22:00.

Dersom du verken har ski eller heiskort på Jølster legg du dette enkelt til i bestillinga di. Oppgir du nødvendig informasjon ved bestilling vil utstyret ògså ligge klart i ditt navn når du kjem fram.

Heiskort vil bli delt ut på bussen til dei som har bestilt dette og skal ta buss. For andre kan det hentast på skisenteret.

For dei som ynskjer å varme seg etter nokre timar i bakken er det mogleg å reservere ein halvtime i Jølstraholmen si nydeleg badstu ved elva. Dette bookar du ved bestilling av billett. Bestilling inkluderer dusj og handkle. Sjekk ut badstua her: https://jolstraholmen.no/sauna/

Tidplan for dagen:
10:30 Buss frå Førde til Jølster skisenter
10:30 Jølster skisenter opnar
12:30 Buss frå Førde til Jølster skisenter
14:30 Løa på Jølstraholmen opnar
16:30 Jølster skisenter stenger
13:45-16:45 Vi shuttlar alle som har kjøpt billett til Afterskien mellom skisenteret og Løa på Jølstraholmen
14:00-16:00 Badstua er mogleg å reservere i 30 min
16:00-20:00 DJ John Erik Strøm
20:00 Buss frå Jølstraholmen til Førde rutebilstasjon
22:00 Buss frå Jølstraholmen til Førde rutebilstasjon

For meir praktisk informasjon, sjekk ut facebook-eventen: https://fb.me/e/2qya5M1Vo

Britt Kari Vasstein