Påska i Jølster Skisenter 2024

Opplev Jølster i påska!

Velkommen til Jølster Skisenter!

Skap gode minner saman med familien i Jølster. Her kan du benytte deg av gratis nybyrjar og barneskitrekk, eller du kan ta skitrekket heilt opp til 800 moh. og boltre deg i flotte løyper med utsikt over jølstravatnet og flotte fjell. Her finn du parkområde for dei som likar å utfordre seg med luftige svev. For dei minste lagar vi løyper og små hopp og moro! Her kan du boltre deg i flotte preparete løyper og store friøyringsområder. Vi har varmestove og kafè og fyrer opp i bålpannene ute. Ta gjerne med deg sitteunderlag, pølser og kakao og nyt lunsjen ute!

For deg som føretrekk bortoverski kan vi anbefale ein tur rundt Gjestdalen på langrennski. Her er det flotte preparerte løyper langs gamle sæter og vakker natur, omkransa av flotte fjell! Med start i nederste del av anlegget, har familien eit flott utgangspunkt for vinterferien!





Opningstider



Lørdag 23/3 kl. 10.30 - 16.30

Søndag 24/4 kl. 10.30 - 16.30

Mandag 25/3 kl. 10.30 - 16.30

Tysdag 26/3 kl. 10.30 - 16.30

Ondsag 27/3 kl. 10.30 - 16.30

Torsdag 28/3 kl. 10.30 - 16.30

Fredag 29/3 kl. 10.30 - 16.30

Lørdag 30/3 kl. 10.30 - 16.30

Søndag 31/3 kl. 10.30 - 16.30

Mandag 1/4 kl. 10.30 - 16.30





Aktivitetar

Ikkje alle datoar er fastsett, følg med for oppdatering.

Vårens villaste eventyr! Kinesisk Utfor frå toppen av Kvamsfjellet til bunn i bakken med start etter stengetid.

Skisprell med Melanie frå Skikrinsen Palmesøndag 24. mars!

Lågterskel skileik i Hauglandsheisen for dei minste. Ingen påmelding og gratis deltaking.

Påskeeggjakt kvar dag heile påska!

Påskeharen er ein luring, og han er ein raser på å gøyme påskeegg! Bli med på påskeeggjakt i skisenteret kvar dag heile påska!

Fotokonkurranse Skjærtorsdag

Tagg oss med ditt beste bilete på sosiale media, og bli med i trekninga av flotte premiar!

80-tals dag på Langfredag!

Ta på deg dine flottaste 80-talskle og bli med i bakken! Beste bekledning vert premiert!

Påskerenn for heile familien påskafta kl. 12.00

Ta med mamma eller pappa, søsken eller ein ven og bli med på ein skikkelig påskeduell i Hauglandsheisen. Paralellslalåm uten tidtaking. Ingen påmelding og premiar til alle.

Watersplash 1. påskedag!

Utfordre deg sjølv eller ein ven til å ta sjansen på vår eigen påskeplask!

Watersplash søndag 31/3 kl. 15.00




Heiskort


Hjå oss kan du i tillegg til vanlege dags og kvelds-kort, kjøpe helgekort eller 5-dagarskort.



Heiskortprisar

Kjøp heiskort på nett og spar tid og reis rett i bakken! Ved kjøp av online heiskort sparar du inntil 20%.

Hauglandsheisen er gratis for alle! Barn under skulealder kjører gratis i heile anlegget, og alle 4. klassingar får gratiskort i Jølster Skisenter!






Overnatting


I nærområdet finnast det fleire overnattingsmogelegheiter. Besøk Airbnb VisitJølster eller gjer eit nettsøk på overnatting Vassenden.


Camping og hytter kun fem minutt frå skisenteret.

Camping og hytter kun fem minutt frå skisenteret.

Campingplass ca. 15 minutt frå skibakken.

Flott hotell med høg standard og eigen spaavdeling. Beliggenheit i Førde sentrum kun 25 minutt frå skisenteret.


Koselig hotell i Førde sentrum. Beliggenheit kun 25 minutt frå skisenteret.



Gjestehus og hytter med god kapasitet til mange. Beliggenheit kun 20 minutt frå skisenteret.


Koselig hotell med beliggenheit ca. 25 minutt frå skisenteret.


Om oss

Jølster Skisenter tilbyr alpine ski løyper som passar alle. Frå den heilt ferske nybegynnar til den røynde skiløpar som krev utfordringar. Samla lengde preparerte ski løyper er ca. 5000 m.

Gjestane våre kan velge mellom 3 skiheisar. Skitrekka Kvamsheisen og Bjørkeliaheisen, samt barnetrekket Hauglandsheisen.

Som gjest i område kan du nytte deg av bomvegen som tek deg til øvrde del av anlegget og utløyser eit godt startpunkt for topp og rundturar. 

I Jølster Skisenter finn du flotte frikøyringsområder, både ovanfor tregrensa og nede i skogen.

I fjella kring Jølster Skisenter finn du mange flotte fjelltoppar og snødekte fjellsider som berre ventar på skispor.

Jølster Skisenter tilbyr også preparerte turløyper over til Gjesdalsdalen, og vi har lysløype for langrenn og 10 - 30 meters hoppbakke, samt skileikanlegg og 2 svært særprega grillstover.

Ved starten av anlegget finn du parkeringsplassar, varmestove med kafe, skiutleige og sanitæranlegg.

Jølster Skisenter ligg midt i Sogn og Fjordane, ca. 3 timar norover frå Bergen langs E 39. Næraste flyplass er 35 minutt unna.

Vårt tilbod

Jølster Skisenter er regionanlegg alpint for Sunnfjord, og etter den siste utbygginga eit av dei større alpinanlegga på nordvestlandet. Vi har eit skitilbod for alle, sjå her:

  • 5 km med preparerte alpine nedfartar og 3 skiheisar

  • Gratis barnetrekk for alle

  • Frikøyrings/laussnøområder

  • Skileikområde/skjerma barneområde/parkområde

  • 10 og 30 meters hoppbakke

  • 5 km langrennslysløype

  • 20 km med preparerte turløyper i fjellområde mot Gjesdalsdalen

  • Varmestove med kiosk, kafé og sanitæranlegg

  • Grillstova, ein særprega grillstove oppført i eldre byggjestil, som vert fyrt opp kvar dag og der våre gjestar kan grille sin eigen mat.

  • Ski og brettutleige

  • Maskinsliping og prepping av ski (alpint og langrenn) inkludert stålkanter

  • Skidata elektronisk billettsystem

  • GRATIS parkering








Velkommen til Jølster Skisenter!

Britt Kari Vasstein