Tysdag 12/1 opnar Bjørkeliheisen

Vi har fått god hjelp av ein ivrig gjeng skientusiastar som har spadd snø inn i delar av heistrasseen i Bjørkeliheisen i kveld. Dette medfører at vi kan opne nederste heisen slik at du slepp å kjøre bomvegen opp.

Vi har no ope Bjørkeliheisen, Kvamsheisen til mast 4 og Hauglandsheisen. Det er uvanleg at vi kan opne Bjørkeliheisen før Familiebakken, men sogningen vår Jarle har hårete mål om å snart kunne opne der også. Snøproduksjonen pågår og vi skal vere klare så snart vi har fått nok snø.

Vi gjer merksam på at det kan vere risikofylt å kjøre utanfor preparerte løyper. Snøen som er komen siste dagar er fin og lett, og det er difor lett å hekte seg i stein og stubbar. Om du likevel freistar å ta turen i skogen, kjør aldri aleine!

Kafeen er open ved Hauglandsheisen med redusert kapasitet. Varmestova nederst vil vere open, utan kiosksal. Ta gjerne med nista, men hugs 1 meteren gjeld også her! Vi oppmodar om hyppig handvask/desinfeksjon og bli heime om du er pjusk eller småsjuk.

Britt Kari Vasstein