Påskemoro i Bjørkelia!

Endelig er det snart påske og tid for familiekos, ski, appelsin og kvikklunsj! Heile anlegget er ope frå bunn til topps! Vi i skisenteret vil gjere vårt ytterste for å skape så gode opplevingar for deg som mogeleg!

Opningstider i påska 9/4 - 19/4

  • Lørdag kl. 10.30-16.30

  • Palmesøndag kl. 10.30-16.30

  • Mandag kl. 10.30-16.30

  • Tysdag kl. 10.30-16.30

  • Onsdag kl 10.30-16.30

  • Skjærtorsdag kl 10.30-16.30

  • Langfredag kl 10.30-16.30

  • Påskeafta kl 10.30-16.30

  • 1. påskedag kl 10.30-16.30

  • 2.påskedag kl. 10.30-16.30

Endring kan skje dersom vêret vert dårleg.

Skjærtorsdag

Burgermeny for ein 50-lapp

Vi riggar grillane ute og får hjelp frå flinke russejenter frå Sogn som vil lage burger til oss. Støtt russen og få burger og brus til kr. 50,-

Bilutstilling torsdag til laurdag

Bilhuset Førde As kjem i bakken og stiller ut flotte demobilar torsdag til laurdag. Her vert det garantert nokre flotte «glis» i bakken😁.

Langfredag

Besøk av påskeharen 🐇

Også i år kjem påskeharen på besøk og det ryktast at han legg att nokre fine påskeegg rundt om i skibakken, fylt med snacks og godteri! Vi har og fått nyss i at i eit av påskeegga kan ein finne eit årskort for neste sesong! 🤭🤗 Så her er det om å gjere å komme seg tidleg i bakken og starte jakta!

Bruktskisal

Vi ryddar skiutleigen vår og sel unna ein del godt brukandes ski og stavar frå vårt lager. Her kan du kjøpe ski til ein svært rimelig penge om du ikkje er altfor kresen på skia. Om du har brukte ski, skiutstyr eller skikle, kan du levere til oss. Her vert det i stor grad sjølvbetjening. Utsalet vert ståande ut påska så langt lageret rekk.


Påskeafta

Familieskirenn

Påskafta arrangerer vi familieskirenn i barnebakken, med parallell-løype og småhopp. Her kan mor konkurrere med far, eller far konkurrere mot barna. Premie er ein solo og pizzabaguett i kiosken. Her har de moglegheit til å ta den store familiduellen denne påska! 💪😁 Påmelding ved oppmøte, deltakeravgift kr. 50,-. Start kl 12.00

Besøk av påskeharen

Kom tidleg i bakken og bli med i jakta på påskeegg! 🐣

Afterski på Løa Jølstraholmen

Etter stengetid påskafta og 1. påskedag kan du og vennegjengen ta turen på afterski på Løa Jølstraholmen. Løa er ein restaurert fjøs med skikkelig koselig atmosfære og hyggeleg vertskap, absolutt verdt eit besøk. Opningstider er kl 16.30-22.00.
Sjå Facebook-sida til Løa Jølstraholmen for meir informasjon

Første påskedag

Besøk av påskeharen

Kom tidleg i bakken og bli med i jakta på påskeegg! 🐣

Hinderløype i barnebakken

Vi set opp hinderløype for dei minste i barnebakken , med småhopp og portalar. Her er det fritt fram for både far og mor å bli med på leiken! Vi har flotte preparete løyper, store friøyringsområder og mini-bigjump for ungdommen.

————————————————————————

Cafe/kiosk

I kiosken kan du kjøpe vafler, varme bollar, pølser, puzzabaguett og mykje meir. Vi fyrer opp bålpannene slik at du kan grille pølser og marshmallows, og kose deg ute.

Preparerte løyper

Preppegutta er tidleg oppe og preparerer løypene slik at dei er tipp topp til deg heile påska!

Heiskort

Kjøp heiskort på nett og spar tid og reis rett i bakken! Vi har og billettluke ved parkeringa nederst i anlegget.
Hos oss kan du i tillegg til vanlege dagskort, kjøpe helgekort eller 5-dagarskort.

Leige ski

Vi har eit stort utval av ski og snowboard i mange ulike størrelsar. Trykk her for meir informasjon.


Overnatting

I nærområdet finnast det fleire overnattingsmogelegheiter. Besøk VisitJølster eller gjer eit nettsøk på overnatting i Førde. Her er det mykje å velje i!



Velkommen i bakken til liten og stor!

Afterski på Løa Jølstraholmen

Bli med på moroa påskafta og 1. påskedag kl 16.30-22.00.

Britt Kari Vasstein