Strålande helg i vente
Litt over 20cm påfyll med pudder natt til fredag og vi gleder oss til ei strålande helg! Det er meldt nokre kuldegrader og sol både laurdag og søndag.
Så det er berre å avlyse alle andre planar å kome seg i bakken!
Sogn og Fjordane skikrins arrangerer treningssamling heile helga så det vil vere begrensa tilgang til Kvamsbakken. Plan er å ha Kvamsheisen open heilt til topps for dei som vil kose seg i laussnø og så oppfordrer vi alle til å utnytte resten av anlegget. Bjørkeliabakken (ned til varmestove) er ypperleg for dei som har lyst på litt brattere bakke.
Vel møtt!