Sesongopning torsdag 7. januar
Gladmelding til alle som har venta på sesongopning i Jølster Skisenter! Torsdag 7. januar kl. 18.00 opnar vi Kvamsheisen og Hauglandsheisen. Det er viktig å merke seg at det vert begrensa opning til mast 4 i Kvamsheisen i første omgang.
Vidare vil snøproduksjonen bli flytta til Familiebakken slik at vi etterkvart kan opne der. Det vil føregå testkjøring med alpingruppa tidleg i veka, det vil ikkje vere ope for alle då.
Vi vil minne om at alle som skal i skibakken lyt ha heiskort, også i gratis barnetrekk. Vi anbefaler alle å kjøpe kort online, då sparar du både tid og pengar. Om du ikkje har keycard frå før, kan du tinge dette når du bestiller heiskort online.
Alle som besøker oss lyt registrere seg enten ved kjøp av heiskort, eller på lister som vert lagt ut i billettluka og i kiosken. Dette er for å lette ei eventuell smittesporing. Listene vil bli makulert etter 14 dagar, og vil ikkje bli brukt til andre føremål.
Kjem du i følge med same kohort/husstand kan de ta heisen ilag. Ellers er det ein og ein på T-krokane.
Hugs alltid å halde meteren i heiskøen, varmestova,skiutleiga, parkeringsplassen og ellers.
Ved leige av ski lyt du avtale tid på førehand.
Om du er pjusk og sjuk, bli heime :)
Vel møtt til gamle og nye gjester, vi gler oss til å sjåast i bakken!
Foto: Vegard Johnsen