Pudderfesten held fram! ⛷🏂

Gårsdagen var fantastisk, med kanskje det flottaste føret i skisenteret denne sesongen med perfekt preparete løyper og herleg pudder utanfor løypene. Det snør framleis og vi opnar heile anlegget også i kveld kl. 18.00. Du kan parkere nede og ta heisen heilt til topps. Familieløypa, Kvamsbakken, Hauglandsbakken vert preparert, og i Bjørkelibakken vert det preparert to bredder til nedfart, ellers vert det laussnøkjøring her.

Tilhøva er no så gode at vi opnar bakken for kveldskjøring også på torsdag :)

Kiosken er open med begrensa kapasitet, og skiutleigen vert open som vanleg.

NB! Vi har kun onlinesal av bilettar. Om du ikkje har keycard, kan du kjøpe eit tomt kort i kiosken oppe og fylle på online sjølv. Trykk her for instruksjon for å fylle på keycard.

Vi minner om betydelig snøskredfare jamfør varsom.no. Hald deg difor unna bratte heng og fjellsider for eigen sikkerheit.

Velkommen i bakken!

Foto framside: Anne Cecilie Kapstad

Foto: Tore Karlsen

Foto: Tore Karlsen

Britt Kari Vasstein