Påska i Jølster Skisenter 2024
Skap gode minner saman med familien i Jølster. Her kan du benytte deg av gratis nybyrjar og barneskitrekk, eller du kan ta skitrekket heilt opp til 800 moh. og boltre deg i flotte løyper med utsikt over jølstravatnet og flotte fjell. Her finn du parkområde for dei som likar å utfordre seg med luftige svev. For dei minste lagar vi løyper og små hopp og moro! Her kan du boltre deg i flotte preparete løyper og store friøyringsområder. Vi har varmestove og kafè og fyrer opp i bålpannene ute. Ta gjerne med deg sitteunderlag, pølser og kakao og nyt lunsjen ute!
For deg som føretrekk bortoverski kan vi anbefale ein tur rundt Gjestdalen på langrennski. Her er det flotte preparerte løyper langs gamle sæter og vakker natur, omkransa av flotte fjell! Med start i nederste del av anlegget, har familien eit flott utgangspunkt for vinterferien!
Opningstider
Lørdag 23/3 kl. 10.30 - 16.30
Søndag 24/4 kl. 10.30 - 16.30
Mandag 25/3 kl. 10.30 - 16.30
Tysdag 26/3 kl. 10.30 - 16.30
Ondsag 27/3 kl. 10.30 - 16.30
Torsdag 28/3 kl. 10.30 - 16.30
Fredag 29/3 kl. 10.30 - 16.30
Lørdag 30/3 kl. 10.30 - 16.30
Søndag 31/3 kl. 10.30 - 16.30
Mandag 1/4 kl. 10.30 - 16.30
Aktivitetar
Ikkje alle datoar er fastsett, følg med for oppdatering.
Watersplash søndag 31/3 kl. 15.00
Heiskort
Hjå oss kan du i tillegg til vanlege dags og kvelds-kort, kjøpe helgekort eller 5-dagarskort.
Kjøp heiskort på nett og spar tid og reis rett i bakken! Ved kjøp av online heiskort sparar du inntil 20%.
Hauglandsheisen er gratis for alle! Barn under skulealder kjører gratis i heile anlegget, og alle 4. klassingar får gratiskort i Jølster Skisenter!
Overnatting
I nærområdet finnast det fleire overnattingsmogelegheiter. Besøk Airbnb VisitJølster eller gjer eit nettsøk på overnatting Vassenden.
Om oss
Jølster Skisenter tilbyr alpine ski løyper som passar alle. Frå den heilt ferske nybegynnar til den røynde skiløpar som krev utfordringar. Samla lengde preparerte ski løyper er ca. 5000 m.
Gjestane våre kan velge mellom 3 skiheisar. Skitrekka Kvamsheisen og Bjørkeliaheisen, samt barnetrekket Hauglandsheisen.
Som gjest i område kan du nytte deg av bomvegen som tek deg til øvrde del av anlegget og utløyser eit godt startpunkt for topp og rundturar.
I Jølster Skisenter finn du flotte frikøyringsområder, både ovanfor tregrensa og nede i skogen.
I fjella kring Jølster Skisenter finn du mange flotte fjelltoppar og snødekte fjellsider som berre ventar på skispor.
Jølster Skisenter tilbyr også preparerte turløyper over til Gjesdalsdalen, og vi har lysløype for langrenn og 10 - 30 meters hoppbakke, samt skileikanlegg og 2 svært særprega grillstover.
Ved starten av anlegget finn du parkeringsplassar, varmestove med kafe, skiutleige og sanitæranlegg.
Jølster Skisenter ligg midt i Sogn og Fjordane, ca. 3 timar norover frå Bergen langs E 39. Næraste flyplass er 35 minutt unna.
Vårt tilbod
Jølster Skisenter er regionanlegg alpint for Sunnfjord, og etter den siste utbygginga eit av dei større alpinanlegga på nordvestlandet. Vi har eit skitilbod for alle, sjå her:
5 km med preparerte alpine nedfartar og 3 skiheisar
Gratis barnetrekk for alle
Frikøyrings/laussnøområder
Skileikområde/skjerma barneområde/parkområde
10 og 30 meters hoppbakke
5 km langrennslysløype
20 km med preparerte turløyper i fjellområde mot Gjesdalsdalen
Varmestove med kiosk, kafé og sanitæranlegg
Grillstova, ein særprega grillstove oppført i eldre byggjestil, som vert fyrt opp kvar dag og der våre gjestar kan grille sin eigen mat.
Ski og brettutleige
Maskinsliping og prepping av ski (alpint og langrenn) inkludert stålkanter
Skidata elektronisk billettsystem
GRATIS parkering
Velkommen til Jølster Skisenter!