Ny dagleg leiar i Jølster Skisenter

Vegard Johnsen er tilsett som ny dagleg leiar i Jølster Skisenter med oppstart frå 1. oktober. Han er tilsett i 100% stilling og skal ta over roret etter Jarle Mundal. Vegard driftar i dag sitt eige selskap og arbeider med service og reperasjonar av motorvogner. Han er utdanna mekanikar og har bakgrunn mellom anna som driftsjef hos Førde Bilberging og har vore servicesjef Røykdykk for Nortronik. Vegard er oppvaksen og busett på Vassenden og har lang fartstid i skisenteret. Han har vore ei av eldsjelene som har bidrege til at bakken er nypreppa og fin til vi opnar trekket på vinterstid. Han har frå ung alder gått gradene frå å vere heis- og krokvakt til å bli ein del av trakkemannskaps-staben. Der har han bidrege i ei årrekke. Det er soleis ein erfaren mann vi får inn i drifta av anlegget.

Vegard bur på Vassenden saman med kona Kristine, på fritida er dei mellom anna å sjå i fjella på toppturar. Vegard er også ein habil paraglider-pilot, du har kanskje sett han komme flygande forbi.

« Det blir spennande tider i vente« seier Vegard om den nye jobben, og seier at han har mykje å setje seg inn i, men ser fram til å ta fatt på jobben og gjere skisenteret klart for ein ny skisesong.

Vi ynskjer Vegard hjarteleg velkommen i jobben som dagleg leiar i ei bedrift som har få tilsette og over åtti frivillige i staben!

Jarle Mundal takkar av som dagleg leiar 30. sept, han har vore tilsett i jobben frå 2020. Han vil no satse meir på bedrifta si, Fjærland Guiding som er i stadig vekst. Jarle har og store reiseplanar til hausten og vil bestige nye fjell som ein del av «Seven Summits». Vinterekspedisjon er vanskeleg å kombinere med drift av skianlegg, har han konkludert med. «Det har vore kjekt, spennande, og lærarikt å jobbe som dagleg leiar i skisenteret. Eg har vore heldig og fått med meg to gode skisensongar. Spesielt kjekt har det vore å treffe og jobbe med alle dei kjekke dugnadsfolka. Eg blir nok ikkje heilt borte, eg kjem til å vere i anlegget på ski til vinteren», seier Jarle.

Jarle har gjort ein fråmifrå jobb i skisenteret og vi ynskjer han masse lukke til på ferda vidare!

Framsidefoto: Torje Bjellaas

Britt Kari Vasstein