Kvamsfjellet ned
I år blir det igjen gjennomført Kvamsfjellet ned! Kinesisk utfor frå toppen av Kvamsfjellet og heilt ned til nederste parkeringa/varmestova til Jølster skisenter. Det vil også bli arrangert lille Kvamsfjellet ned og miniputt renn for dei aller minste. Alle renn med tidtaking, speaker og flotte premiar :) Vi vil i år også prøve å få til endå fleire aktivitetar, meir informasjon om dette kjem fortløpande på denne sida.
Det er ein konkurranse som er open for alle, så berre du har nokre ski/brett og har mot nok til å komme deg ned frå fjellet, så er du kvalifisert. Så her er det berre å hive seg rundt..kanskje ein kan ein gong for alle kan få avklart kven som er den tøffaste på jobben, på skulen eller i vennegjengen, for dette er ikkje for pyser! ;)