Innformasjon om koronaviruset
Vi held oss fortløpande oppdatert om råda kring smitteførebygging i Jølster Skisenter. Vi forheld oss til råda som Folkehelseinstuttet gir om arrangement som samlar mange menneske og det er gjort vurderingar ut ifrå generelle råd på dette tidspunkt. For øvrig er det vanlege smittevernsråd som er det viktige; vask hendene hyppig med vatn og såpe, ved hoste bruk anten papirlommetørkle som kastas etter bruk, eller host i albogen, og ikkje host mot andre menneske (Sunnfjordkommune.no). Hald også god avstand til andre personar i køen.
Kven skal holde seg heime?
Dersom du tilhøyrer ei av følganee grupper, så skal du være heime:
Du mistenker at du kan vere smitta.
Du venter på svar på prøven.
Du har fått bekrefta at du er smitta.
Du er bekrefta sjuk av covid-19, men trenger ikkje å leggast inn på sjukehus.
Du har hatt nær kontakt med ein som er bekrefta smitta, eller en du bur saman med er bekrefta smitta (nærkontakt).
Du har vore i et område med utbredt spredning av covid -19.
(Helsenorge.no)
HUGS Å KJØPE HEISKORT ONLINE!