Pudderfest fredag🌨 ruskevér laurdag(!)💦 pudderfest søndag🌨
Slik ser vermeldingane ut for helga 28.1 - 30.1. Det er med andre ord svært skiftande vêr i vente denne helga.
Laurdag er det venta store mengder nedbør og vindkast opp i 20 m/s, dette påvirkar heisdrifta i den grad at vi held stengt laurdag.
På ettermiddagen ser det ut som at vêret skal bli kaldare og det skal ifølgje yr.no komme blå grader og rikelig med snø. Vi held difor ope som normalt søndag.
opningstider:
fredag kl. 18-21
Laurdag: Stengt
Søndag: kl 10.30-16.30
Torsdag kveld var det kjempeflotte forhold i bakken og pudder utanfor preparete løyper. Det er venta mykje snø fredag ettermiddag, så det er berre å finne fram skia og ta turen! ⛷🏂
Oppstering søndag morgon: pudderalarm og nypreparerte løyper! Dagen vert strålande fin!
ope frå bunn til topps.