Helga 4. - 6. februar
Etter snøfallet denne veka har vi fått påfyll med masse nysnø i Bjørkelia! Vi har hatt og har pudderfest med herlig laussnøkjøring og kjempeforhold i dei preparerte løypene. No har du verkeleg mogelegheit til å leike deg i skogen og i dei store frikjøringsområda utanfor dei preparerte løypene. Ikkje nøgd med teknikken på topptur? Ja, då kan du nytte høvet til å øve så mykje du orkar i laussnøen utanfor løypene.
Det er målt 50 cm snø ved nedre varmestove, og det er meldt meir snø gjennom heile helga. Yr.no melder om blå grader i øvre del av anlegget fredag og laurdag, og det skal snøe lett. Søndag vert det snø, minusgrader og glimt av litt sol! På webkameraet vårt kan du følge med på temperatur og vindforhold om du er usikker på vêret.
Vi har ope alle trassear og våre flinke prepparar lagar artige kuleløype i Hauglandsheisen. Heisane går frå bunn til topps (fredag kan det bli avstigning ved mellomstasjonen grunna mykje vind), det betyr at du kan parkere ved nederste varmestova, eller du kan kjøre bomvegen opp til Kvamsbakken. For dei av dykk som har venta på at Uglumheisen (tautrekket i nederste del av anlegget) skal starte, kan vi gledelig melde om at dette no vert jobba med og det nærmar seg opning i næraste framtid.
Vi har ope i kafeen i øvre varmestove, og fyrer opp bålpannene ute. Vi minner om at vi har noko begrensa kapasitet i kafeen.
Hugs å fylle på ceycardet ditt før du reiser i bakken. Då slepp du stå i kø og du sparar pengar!
Til slutt vil vi minne om fotokonkurransen denne veka. Send oss gjerne bilete på messenger, e-post eller merk bileta dine med #jølsterskisenter eller @jølsterskisenter på instagram eller facebook. Då vert du med i trekning av time for to i saunaen ved elva Jølstra ved Jølstraholmen, eller ein burger for to hos Jølstraholmen.
Velkomne til store og små!
Foto 2 og 3: Line Hårklau