Gratis sesongkort for 4. klassingar

Vi ynskjer å motivere born og unge til auka fysisk aktivitet og gir difor også i år alle 4. klassingar i Vestland gratis heiskort.

Sesongkort til 4. klassingar kan enkelt bestillast online av føresette heime. Alle som skal ha sesongkort må registrere seg, ein kan altså ikkje møte i skitrekket utan heiskort.

Bestilte kort kan hentast ut i billettluka. NB! Pass eller fødselsattest må framvisast ved uthenting av kortet.

Britt Kari Vasstein