Godt Nyttår !
Vi er optimistar JS og jobbar, håpar på at vi skal kunne opne traseane i Jølster skisenter. Status er at ca. 15% av løypenettet har god kunssnøsåle og er køyrbar, men temperatur og nedbør har gjort det krevjande å lage snø og ta vare på det som vi har greidd å produsere.
Vi har fått varierande hjelp av natursnø og vi har eit mål om å kunne opne øvre del av anlegget til komande helg. Kvamsheisen vil då ha avstigning på mellomavstigning og super-g traseenen vil vere den einaste nedfarten. Familiebakken er stengd. Utan for løype er det svært lite snø og ikkje køyrbart.
Hauglandsheisen har ein nedfart open. “Skiers Right”.
Bjørklia /gamlebakken har fått ein del kunstsnø, men er også stengt
JS vil informere og oppdatere dagleg framover på nettsida og FB.
YR og Webcam ligg som linkar på nettsida og der kan ein følge med på utviklinga av snø og værtilhøva.
JS ynskjer alle velkomne til ein forhåpentleg vis snørik vinter i 2019.