Automatisk skiltavlesing ved kjøring til Støylen.

Dersom du kjører vegen opp til Støylen (Kvamsheisen og Hauglandsheisen), lyt du nytte privat bomveg. Det er etablert ny og enklare betalingsløysing for bompasseringar, slik at du slepp å stoppe for betale ved passering.

Ver oppmerksom på at det no vert nytta automatisk skiltavlesing ved passering. Bompassering skjer etter passering av nedre P-plass. Les skilting når du passerer.

Det belastast avgift i den kjøreretningen det er skilta. kr. 60,- pr. passering.
(Dersom det er 15 minutt eller mindre sidan forrige bompassering så er passeringa tur/retur kostnadsfri.)

Betaling skjer via Youpark. Velg bomveg: s.a.s Invest.

Betal via vips eller kort innan 48 timar etter bompassering. Då unngår du at faktura vert sendt ut i ettertid (fakturagebyr kr. 70,-).

Klippekort

Klippekort kan kjøpast på youpark til kr. 1500,-. Du får då 40 passeringar (kr 37,50 pr.passering).

Klippekortet kan nyttast umiddelbart etter du har lagt inn nummerskilt på kjøretøy.

Besøk youpark og velg s.a.s. Invest for meir informasjon

❄️❄️❄️

Vi vil minne om at all parkering i skisenteret er gratis. Vi har utvida nedre parkeringsplass slik at det er god kapasitet på nedre P-plass.

Bomvegen er ikkje eigd og drifta av skisenteret. For spørsmål som gjeld bomvegen kan du kontakte Stein Arne Sunde tlf. 91894578.

For spørsmål som gjeld betaling og faktura, kontakt youpark kundeservice tlf +4747700700.


Britt Kari Vasstein