Blir du med på laget?

Jølster Skisenter er basert på frivillige til dei aller fleste funksjonar i skibakken, vi har kring 80 dugnadspersonar fordelt på mange ulike oppgåver gjennom skisesongen. Desse oppgåvene er til dømes heisvakt, kioskvakt, billettvakt, skipatrulje, skiutleige, trakkemaskinmannskap og hovudvakter. Til dei aller fleste funksjonar trengs det ingen forkunnskap, opplæring vil bli gitt til den aktuelle posten ein blir med i.

Om du har lyst til å vere med på laget vil du få full opplæring og vi tilpassar dagar som passar best for deg å møte på. Det er forventa at ein stiller på omlag ei vakt i veka. Du vil få gratis sesongkort til deg eller ein i familien, og tradisjonelt har vi arrangert ein dugnadsfest på slutten av sesongen. Dette er ein fin måte å bli kjent med nye folk på, så bli med!

Ta kontakt med Jarle Mundal tlf. 958 29 171 / jarle@jolsterskisenter.no

IMG_1246.JPG
Britt Kari Vasstein