Bli med i nytt Ungdomsråd i Jølster Skisenter

Er du skiglad ungdom mellom 14 og 18 år og kunne tenkje deg å vere med å utvikle Jølster Skisenter vidare inn i framtida?

Jølster Skisenter sine mest trufaste brukarar er barn og unge, og akkurat DE har den beste kunnskapen om kva skisenteret bør satse på vidare framover. Ungdomsrådet skal vere ungdommen sitt talerøyr og stemme, og skal fremje saker som de er oppteken av.

Ungdomsrådet skal bestå av 5-7 medlemmer i alderen 14 -18 år helst representert frå heile regionen. De vil få informasjon og veiledning i starten, og vil ha møter ca. 3 gonger i året (eller fleire om de ynskjer det).

Litt om oss: Jølster Skisenter er eit regionanlegg for alpint i Sunnfjord og har 5 km med preparerte alpine nedfartar og 4 skiheisar. Vi tilbyr gratis barneheis og har store frikøyringsområder utanfor prepararerte løyper. Vi har skiutleige, varmestove med cafè og 3 grillhytter i skianlegget. Der er også 20 km preparerte turløyper for bortoverski. Det mest imponerande av alt er at nesten heile drifta av anlegget vert gjort på dugnad av flotte lokale folk. Skisenteret har planar om vidare utbygging og her ynskjer vi gode innspel frå ungdommen i regionen vår.

Kunne du tenkje deg å vere med, eller kjenner du nokon som kan vere aktuelle? Send oss ei melding på facebook eller til Jarle Mundal (dagleg leiar) på tlf: 958 29 171 (post@jolsterskisenter.no).

unsplash-image-Pf6e3o0GL4M.jpg
Britt Kari Vasstein