Bli med på skileik i Hauglandsheisen laurdag!⛄️🎿
Laurdag inviterer vi til skileik for dei minste i Jølster Skisenter! 🤗 Vi får besøk av Melanie i Sogn og Fjordane skikrins, som er klubbutviklar og primus motor for å få barn ut på ski. Melanie skal lage artig skileikløype for dei minste i Hauglandsheisen!
Vi oppmodar kidsa til å ta med mor og far til ein skikkelig uteleikdag på ski! ⛄️❄️🎿
Kiosken lagar kjempegode vafler og Skibua har skiutstyr frå småtass-størrelse til vaksen! Det vert fyr i bålpannene og god stemning! 😃
Vi har ope i heile anlegget frå kl 10.30-16.30. Hauglandsheisen er gratis for alle!