Opningstider i jula🎄
Jula er her, og det er tid for julekos og sosialt samvær, og sjølvsagt litt leik og fysisk fostring. Då passar det bra å ta med vener og familie på ski i Bjørkelia. Vi har fått laga mykje flott snø i anlegget og er endelig klar til å opne heisane, og til å ta imot flotte gjester!
2. juledag opnar vi Bjørkeliheisen, Hauglandsheisen og Kvamsheisen (til mellomavstigning).
Opningstider
Mandag 2. juledag: kl. 10.30-16.30
Tysdag 3. juledag: kl. 10.30-16.30
Onsdag 28. des.: kl. 10.30-16.30
Torsdag 29. des. kl 10.30-16.30
Fredag 30. des. kl. 10.30-16.30
Nyttårsafta: stengt
1. nyttårsdag: stengt
Du kan leige ski i Skibua, kjøpe skipass i varmestova, og vi har ope i kafeen. Sjølvsagt blir det blir fyr i bålpannene. Ta gjerne med niste og kos deg i grillhytta eller i kafeen😃
Kjøp gjerne heiskort i vår nettbutikk. Då sparar du både tid og pengar!
Hauglandsheisen blir gratis for alle også denne sesongen!
Vi minner om nytt betalingssystem i bommen for dei som vil kjøre opp til Støylen. Registrer du betalingskortet ditt på Youpark, slepp du å bli fakturert. Her kan du også kjøpe klippekort.
Velkommen til små og store!
Vi tek forbehold om at endringar kan skje om veret tek ei brå vending.