Sponsorpakke i Jølster Skisenter
Har di bedrift lyst til å bli med på laget?
I desse dagar er vi i full gang med å førebu oss på ny sesong. Våre dyktige medarbeidarar står på tidleg og seint med klargjering av trakkemaskiner, heisar, snøkanoner og servicebygg. Vi planlegg for full drift i anlegget med snøproduksjon og tidleg sesongstart. I kulissene føregår det også eit omfattande arbeid med planar på sikt med ny trasse i øvre, austlege del av anlegget.
Vi har utarbeidd tre ulike sponsorpakkar, der di bedrift kan få eksponering av bedriftslogo på sosiale medier og skilt i bakken. I tilleg kan vi no tilby kjekk bedriftskveld for dei tilsette og 1-3 sesongkort til disposisjon for ditt firma. Ta ein kikk på dei ulike sponsorpakkane:
Om oss:
Jølster Skisenter tilbyr alpine ski løyper som passar alle. Frå den heilt ferske nybegynnar til den røynde skiløpar som krev utfordringar. Samla lengde preparerte ski løyper er ca. 4000 m.
Gjestane våre kan velge mellom 4 skiheisar. Skitrekka Kvamsheisen og Bjørkeliaheisen, samt barnetrekka Uglumheisen og Hauglandsheisen.
Som gjest i område kan du nytte deg av bomvegen som tek deg til øvrde del av anlegget og utløyser eit godt startpunkt for topp og rundturar.
I Jølster Skisenter finn du flotte frikøyringsområder, både ovanfor tregrensa og nede i skogen.
I fjella kring Jølster Skisenter finn du mange flotte fjelltoppar og snødekte fjellsider som berre ventar på skispor.
Jølster Skisenter tilbyr også preparerte turløyper over til Gjesdalsdalen, og vi har lysløype for langrenn og 10 - 30 meters hoppbakke, samt skileikanlegg og 2 svært særprega grillstover.
Ved starten av anlegget finn du parkeringsplassar, varmestove med kafe, skiutleige og sanitæranlegg.
Jølster Skisenter ligg midt i Sogn og Fjordane, ca. 3 timar norover frå Bergen langs E 39. Næraste flyplass er 35 minutt unna.
Vårt tilbod
Jølster Skisenter er regionanlegg alpint for Sunnfjord, og etter den siste utbygginga eit av dei større alpinanlegga på nordvestlandet. Vi har eit skitilbod for alle, sjå her:
5 km med preparerte alpine nedfartar og 4 skiheisar
Gratis tautrekk for alle
Frikøyrings/laussnøområder
Skileikområde/skjerma barneområde
10 og 30 meters hoppbakke
5 km langrennslysløype
20 km med preparerte turløyper i fjellområde mot Gjesdalsdalen
Varmestove med kiosk, kafé og sanitæranlegg
Grillstova, ein særprega grillstove oppført i eldre byggjestil, som vert fyrt opp kvar dag og der våre gjestar kan grille sin eigen mat.
Ski og brettutleige
Maskinsliping og prepping av ski (alpint og langrenn) inkludert stålkanter
Skidata elektronisk billettsystem
Minibankterminal
GRATIS parkering
Skidagar for skular
Om Jølster Alpin
Jølster IL Alpin, ei aktiv og stor gruppe i Jølster IL, med fokus på breidde, rekruttering, skiskule og skileik. I Jølster IL Alpin er hovudmålet å sette skigleda i fokus. Vi ynskjer å tilby eit breitt og allsidig tilbod til born og unge. Der skigleda og leik i bakken skal gi motivasjonen og skape miljøet. Vi ynskjer alle velkomne slik dei er, og med det dei har. Kom med dei skia du har, om det er i bobledress eller fartsdress speler ingen rolle. Å stå på ski skal først og fremst være gøy.
Jølster IL Alpin har eit lågterskel tilbod der du kan komme og prøve. Sjå om du trivst og om du likar deg. Det skal ikkje koste noko, og du treng ikkje melde deg på utan at du har prøvd korleis det er og om det passer for deg. Trivst du og vil fortsette, så ordnar vi påmelding og slikt etter kvart.