27. januar - minusgrader og nypreppa
Vekslande vær dei siste dagane, men preppegjengen har fiksa underlaget i traseane og forholda er flotte.
Traseane er ferdig preppa til kl. 10.30 og Kvamsbakken blir køyrd ekstra kl. 1000 for at underlaget ikkje skal vere for krevande.
I dag er det eit "tidsvindu" med klarvær og lite vind før det brakar laust med væromslag utover søndag.
So bruk denne dagen til ein skidag i Jølster.