Laurdag 8. og søndag 9. januar i Jølster Skisenter
Helga ser ut til å bli ei strålande fin skihelg! Vi har nypreparerte løyper heilt frå botnen og vi har ope nesten heilt til topps!
Du kan parkere gratis nederst i anlegget, eller du kan nytte bomvegen opp til øvre parkering.
Om du fyller på keycardet ditt heime, sparar du både tid og penger. Det er lurt å gjere dette før du kjem i bakken.
Vi minner om at vi har eit begrensa antal sitjeplassar i cafeen, vi har og ope i varmestova nede for å ete nista. Ellers fyrer vi opp bålpannene og grillen i grillhytta, så ta gjerne med pølser og kakao til pausen.
Bruk gjerne munnbind i cafe, skiutleige og til heiskøen.
Hjarteleg velkomne gode ski- og brettfolk! 🤗🏂⛷