Resultat Kvamsfjellet Ned
Laurdag 5. mars hadde vi gleda av å arrangere det 25. Kvamsfjellet Ned i Bjørkelia.
Kvamsfjellet Ned er eit løp som populært vert kalla «kinesisk utfor», med open dame/herreklasse, fellesstart og fritt val av utstyr til å komme seg i mål på.
Løypa starta på rundt 1000 moh og hadde målgang på rundt 250 moh.
38 tøffe løparar stilte til start, hastighets vart målt til heile 90 km/t hos dei raskaste løparane.
Løypa var i år preparert heilt til topps for å minske risiko for fall og skader.
Mini Kvamsfjellet Ned vart også arrangert for løparar frå 8-14 år. Her var det fellesstart jenter/gutar med valgfritt utstyr frå toppen av skianlegget 880 moh til målområde på ca 250 moh. Ei lang og kjekk løype som nok ga rikelig med syrefest å låra!
Redultat:
plass herrer @jorgen_taklo
plass damer @carinadidriksen
Vinnar idealtid Olai Marifjøra tid 03.11
Resultat Mini Kvamsfjellet Ned
plass: Erlend Hetle
plass: Synne Vasstein
plass: Ingrid Svidal
Takk til alle som deltok. Og ein stor takk til alle dugnadsfolka som har lagt ned ein stor innsats, utan den innsatsen, ingen renn.
Takkar hovedsponsorane våre som bidrog med pengepremiar og pengar til andre utgifter
Sparebankenvest Enivest
Takk til samarbeidspartnarar som bidrog til flotte premiar som hengekøyer og tøffe skibriller frå Din Sport
Gåvekort på rafting til familie og enkeltpersonar frå Jølster Rafting
Saunatime til ti personar og ulike enkeltturar frå Fjærland Guiding
Dette var 25 gongen Kvamsfjellet ned vart arrangert, satsar på at det blir nr.26 i 2023
📽 Line Hårklau, Signe Kjøsnes
🎬 Line Hårklau