Opningstider for helga 21.1-23.1.
Velkommen til ei ny flott skihelg i Jølster Skisenter! Vi har dei siste dagane fått påfyll av gode 25 cm herleg nysnø, og det snør framleis!
Vi har godt med snø i løypene, utanfor preparete løyper vil ein kunne oppleve at snøen pakkar seg meir når regnet kjem.
Varsom.no melder om stor rasfare, viktig å merke seg om du har tenkt deg på topptur eller vil kjøre i fjellsidene utanfor preparete løyper.
Vi har ope frå bunn til topp i anlegget, det vil seie at du kan parkere gratis nede før bommen.
Hugs å fylle på keycardet ditt heime! Det er billegare og du slepp å stå i billettkø!
Fredag feirar vi prinsesse Ingrid sin 18-årsdag og markerer dette med 18-kroners prisar i kiosken! 🎉
Opningstider:
Fredag kl 18-21
Laurdag kl 10.30 - 16.30
Søndag kl 10.30 - 16.30
Vi held eit godt auge med yr.no som varslar mildare vêr og ein del regn utover helga. Vi gjer difor merksam på at DET KAN KOMME ENDRINGAR FOR OPNINGSTIDENE SØNDAG 23.1. Så følg med oss på Facebook, Instagram og sosiale medier.
Velkomne! 🤗